Perfeksjonismens heilage gral
Av Kirsten Nærheim Heggelund, elev på UROskolen
Eg har jo skreve ein del tekstar her på bloggen til «Uroskolen», og sist fekk eg spørsmål om kvifor eg ikkje skriv på nynorsk. Det er jo det språket eg har hatt som houvudmål på skulen, og sidan eg bur på vestlandet, er det det språket som ligg nærast til språkuttalen min.
Idet eg las spørsmålet om «kvifor», velta det opp ein kvalme, eg kjende eg krympa, og tankane dei hadde sjølvsagt full «oversikt» over kvifor.
Tankane meinar det er teit å skrive nynorsk, det høyres teit ut og det mange rare ord, som eg ikkje brukar når eg snakkar. Dessutan var eg mykje sterkare/flinkare å skrive bokmål. Eg streva med å skrive nynorsk på skulen.
Eg anar det er det same eg kjende då eg var lita, kvalmen og ikkje god nok. Nynorsk var teit, fordi eg ikkje fekk det til, sånn det skulle vera, så at me byrja med sidemål då eg var tretten år, var ei guds lukke. Eg kan hugse eg pusta letta ut då eg fekk velje kva for eit språk eg skulle skrive når eg kom på vidergåande og vidare.
Pusta letta ut, det vil jo sei at eg har halde pusten, ganske lenge. Eg gjer det no og, det er den same kjensla. Eit press aukar i brystet, og eg trur på at det er fordi eg skriv nynorsk. Kjensla av at noko står på spel, at eg risikerar noko, ved å ta i bruk dette målet.
Eg er så frykteleg redd for å ikkje gjera det godt nok, for å ikkje vera god nok – eg har alltid, så lenge eg kan hugse, unngått å gjere noko som gir meg kjensla av å vera feil. Eg har trudd på at då er det ikkje noko for meg. Det må jo vera rett, best resultat og tilsynelatande perfekt, rett og slett sånn eg burde vært, og ikke sånn eg er. Ennå gjer eg det sånn, alt for å sleppe unna den kjensla av at eg er dom, at det er feil, at nokon kan le av meg og at nokon kan snakke bak ryggen min. Fysj, skammen heng tett saman med perfeksjonismen. Eg skjøna det berre er ord, likevel skildra desse orda, kor fengsla eg eigentleg er, når eg er så redd for å vera feil, at eg treng å sørgje for at alt ser bra ut.
Perfeksjonisme og skam har vel ingenting med ein heilag gral å gjere. Eller har det det? Ein heilag gral er jo noko som er av stor verd. Eg ana eigentleg ikkje kvar denne tittelen kom frå, men det var den som dukka opp då eg skulle skrive på nynorsk. Det kjennes viktig ut. Det kjennes viktig ut for meg å nytte perfeksjonismen som ein heilag gral. Eg er ikkje særleg religiøs av meg, men desse religiøse omgrepa har ein tendens til å dukke opp, og eg gir noko meining. Eg trur rett og slett det er ei slags arv eg har med meg. Og eg trur jo på innimellom at eg synde, fortene straff, og treng bøte på feil.
Ups, der er det, perfeksjonismens heilage gral. Å vera syndig (å gjere noko feil), straff (konsekvensar), bøte (å gjer opp for meg) – sånn har eg halde på heile livet – i hvert fall så lenge eg kan hugse og sjølvsagt gjere berre rett, så eg slepp konskvensar og bot…eller vent nå litt. Eg har faktisk lata som om eg ikkje vert påvirka også. Ikkje latt meg bli påvirka og prøvd så godt eg har kunna, å ikkje påvirke andre, i hvert fall ikkje så andre får vondt, der dei vert såra og vonbrotne, for mine handlingar.
Isj altså, det er ingen tvil om at eg har funne min heilage gral i perfeksjonismens namn.
Og alt dette fordi eg skriv på nynorsk. Eigentleg trur eg at det å skrive på nynorsk gjer at eg har moglegheita til kome litt næra meg sjølv. Det er jo tross alt dette språket eg har vakse opp med, og som høyrer til staden kor eg bur.
Så sjølv om eg kjenner meg lita, dom og feil, kan eg velje å skrive på nynorsk, med feil og lite flyt – og sjå korleis perfeksjonismens heilage gral, kan gje meg moglegheita til å å vera meir av meg. Takk til nynorsken og Uroskolen.
…og heilt tilslutt, vil eg meddele at eg har brukt ordboka noko, for å sjekke at eg skriv rett nynorsk.